Lese og (mis)forstå
Feil lesemåte kan fort bli noko heilt anna enn som var meint. Eit teknisk omgrep som nyregulering kan bli nyregule ring, og er straks det medsinaren vil nemne som patologisk.
Somme tider vert forståinga gjort vanskeleg med «vond» vilje. Som barn kunne vi også leike oss med ord som verka framande. Eg tenkjer på at herreekvipering vart herrekrepering, og dameslacks vart dameslakt.
I dag er det dårleg stelt med kunnskapen om når ord skal ha særskriving eller samanskriving. På nærbutikken har eg sett oppslag om» lamme lår på tilbod.» Det vert ekstra vanskeleg når ein i heile sitt yrkesaktive liv har vore van med å rette alle slags ordfeilar og vrange skrivemåtar.

Gjøksang Said,
juni 6, 2011 @ 13:41
Ja, du har rett. Må innrømme at jeg ikke gadd å sjekke «ape ri tifen»…
Harald Petter Kalvatn Said,
juni 6, 2011 @ 13:55
Du er jammen rask med responsen. Det er ekstra morosamt viss du trur at eg siktar til noko du har skrive :-)) Vennleg helsing
Gjøksang Said,
juni 6, 2011 @ 15:50
Helt siden videregående føler jeg meg alltid konstant truffet når det gjelder skrivefeil, selv om du ikke leser bloggen min. Min far har alltid rettet på meg, ikke bare på bokmål, men også på dialekt og nynorsk…