Midtsommarsblot
Eg stokk til då eg las plakaten. Det skal vere midtsommarsblot på Bjørke i Hjørundfjorden ved jonsokleite. Eg vart rolegare då eg las kva som elles stod å lese. Etter det eg kunne sjå, skal det ikkje ofrast korkje folk eller fe. Om det vert drukke meir enn vanleg kan vel hende, men den slags bloting er vi vel vande med.
Visste eg ikkje betre, kunne eg tru at dette er ein freistnad på å innføre den gamle norrøne gudetrua frå før Kvitekrist. I staden trur eg det er ein måte å drage fleire til arrangementa på. Her er det blot folkens! Her skal vi rett so få oppleve stor stemning. Programmet er i tråd med det som var opplegget i fjor med orientering på Notabreidsla, fjellturar og gaman elles. Sidan Dei nynorske festspela også går av stabelen på denne tida, vil det også drype litt kultur på Bjørkeområdet.
Lukke til med festen utan offerskål til Odin og andre heidenske skikkar!
