Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kampen mot fluga

Kategori: Ukategorisert | 5 kommentarer » - søndag 19. juni , 2011

Di meir eg får vite om fluga, di meir avsky vekkjer ho. Eg tenkjer på husfluga. Sjølve tittelen er så nøytral og fredeleg, men har du ei fluge surrande rundt deg, er det plent umogleg å ta den daglege middagsluren. Den koselege husfluga lever då vel berre på brødsmular og andre matrestar som alltid vil finnast på eit kjøkken? Å nei, du ho har nok vore ute og gassa seg på ein lort eller annan ureinskap. Så kjem ho inn når du let opp glaset, eller du opnar dører for å kome ut eller inn. Så set ho seg på skiva med solbærsyltetøy eller brunost. Ho trykkjer snabelen ned i godsakene og løyser opp næringsmiddelet med eit stoff ho har på lager, og deretter syg ho til seg av maten din.

Når vi oppsedar borna våre, så lærer vi dei opp til å vere snill mot dyra. Dei skal ikkje kaste stein etter småfuglane eller pine katten. Men flugene, dei skal drepast. På landet må ein alltid ha flugepiska ved handa. Eg har eit inntrykk av at det er lite fluger i byen, i alle fall inne i husa. Her i huset har vi no moderne flugepisker som ser ut som tennisrackertar berre at det er trådar i racketen som får straum frå batteri. Råkar du ei fluge eller kvefs med ein slik rackert så vert det banen til insektet. Problemet med denne reiskapen,  er at du ikkje kan slå han mot noko. Er det ikkje så nøye om du knuser deler av eit service når «kaffifluga» dukkar opp. så er det no so. Kaffifluga er den fluga som alltid dukkar opp når du har invitert nokon til ein kaffikopp og noko å bite i.

Viss du er gammal nok,  så hugsar du at det var noko som heitte flugepapir. Det var ein liten sylinder med papir inni.  Du drog ut  ei brun remse med lim på. Flugene sette seg på denne remsa. Etter kvart vart remsa svart av fluger. Remsa hang sjølvsagt i taket. Det var alltid litt ekkelt når ein velvaksen person ikkje såg denne remsa og så fekk henne over nasen i forbifarten.

Er du skikkeleg gammal, hugsar du også DDT. Det vart brukt i fjøsen heime. Etter kvart fann ein ut at det var eit farleg stoff for miljøet og forbode her i landet i 1970.

Husfluga må gjerne leve berre ho held seg ute og er mat til småfuglane. Inne er ho eit usanitært og uestetisk vesen.

 

5 Comments »

  1. Idunn Said,

    juni 20, 2011 @ 10:28

    :-D Godt skrive! (som alltid)

  2. Harald Petter Said,

    juni 20, 2011 @ 11:00

    Eg har enda fleire tankar og assosiasjonar omkring flugeproblematikken, men fann det rett å stoppe i tide. Ha ein flugefri dag:-)

  3. asmund myhrvold Said,

    juni 20, 2011 @ 13:31

    Jeg har et hus på landet. I «gamledager» var det husdyr på gårdene, og de beitet inntil vår eiendom og samlet fluer i tusentall. Men så gikk bøndene over til korn, og dermed var vi kvitt flueplagen. Medaljen har alltid en bakside, og i dette tilfelle er det at landskapet gror fullstendig igjen når beitedyrene er borte. Jeg vet nesten ikke hva som er verst.

  4. Håvard Kalvatn Said,

    juni 20, 2011 @ 20:33

    Artig å lese:) Eg svalde (svalg?:)) ei fluge i går. Orkar ikkje tenke på at den har stått på både det eine og det andre.

  5. Harald Petter Said,

    juni 20, 2011 @ 21:18

    Svalde var rett det :-) Så du har vore ute og sykla. Det er då det brukar skje. Bra at fluga for ned i magen og ikkje ned i pusteorganet. Magesyra gjorde nok jobben:-)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php