Ikkje fola i markjene
Slår du opp på fole i ordboka, får du ikkje treff. Alle veit kva ein fole er, eller føll som det sikkert heiter no. Når ei merr fola, fekk ho ein fole. I min barndom heitte det altså ein fole. Vi kunne også seie at noke var fole, men det har ei anna tyding og er eit forsterkande adverb. Fole kjekt!
Fole er ein unghest. Peer Gynt seier om rittet på bukkeryggen: «Aldri red jeg slik en fole!» Det vert meir vanskeleg snakk for eg har også høyrt sagt om folk, kanskje særleg mannfolk: » Han er ikkje fola i markjene!» Altså er det ein person som ikkje er fødd ute i skogen. Før brukte vi å seie, og det er framleis folk som seier, at dei skal opp i markja når dei skal til skogs. Når dei er i skogen, så er dei i markjene.
Eg har oppfatta det positivt at nokon ikkje er fødd i «markjene». Markjene er sjølvsagt ei dativform. Dativen lever framleis i sunnmørsdialekta.
Ein annan gong har eg lyst å skrive om kva det heiter når andre dyr får «barn». Fole interessant!

asmund myhrvold Said,
mai 4, 2011 @ 20:10
Det er mye rart i dialektene. På mitt morsmål sa man i min barndom f.eks.
» Har du sett no tæ`a Hans i dag»
«Har du sett no tæ`n Inger i dag»
Jeg kan tenke meg at det personlige pronomen `han`er forkortet til `a`
og at `hun`er forkortet til `n`. Ja – itte veit je.