Follabloggen

Velkommen til min blogg

Skrot

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - mandag 2. mai , 2011

I kveld har eg fylt bilen med skrot. Når er det ting vert skrot? No er det kanskje slik at det er folk som finn vegen til Reinhaldsverket for å finne noko som eg har klassifisert som skrot. Kva med den store kombinerte radio/cd-spelaren som eigentleg burde vere fullgod framleis, men der cd-spelaren har teke kvelden. Radioen er heilt i orden, men vi har mange andre radioar så vi treng ikkje den store med høgtalarar som kan takast av og plasserast til betre stereoeffekt.

Ting vert skrot når kona seier at dette har vi ikkje bruk for lenger, det er husafyll og skrap. Av og til er eg berre litt samd, men når først alt er vekk, er eg heilt samd. Det er eit tiltak å samle saman alt og så vert det eit hibbel når alt skal plasserast i rett kontainer på Reinhaldsverket. Eg har også hatt det med å samle på gamle krokete spikrar . Ein spikar kan rettast ut, men eg må innrøme at han vert aldri  som ny.

Noko av det eg sender frå meg, kan brukast, men det meste har fått dommen: Ikkje brukeleg her i garden meir.

Fram mot 17. mai kjem det ein svær kontainar som vert plassert ved samyrkelaget. Dit skal kanskje to ovnar som står i garasjen. Å, nei det står ein i vedahuset også! Ein dag seier kanskje kona: I år trur eg vi må få vekk ovnane. Ja, då gjeld det å vere tidleg ute. Røynsla er at den store jarnkassa vert  fort full. Traktoren min vert sikkert klassifisert som skrap av dei som har greie på det, men han er framleis brukande  for meg og er nyttig når ting skal køyrast bort.

 

3 Comments »

  1. Egil Said,

    mai 2, 2011 @ 22:47

    Hibbel? ;)

  2. Harald Petter Said,

    mai 3, 2011 @ 07:06

    Veit ikkje kvar eg har ordet frå. Det er ikkje eit gammalt dialektord. Ein bør sjølvsagt ikkje bruke ord ein ikkje veit tydinga på. Vonar det ikkje er eit bannord :-) Eg meinte å seie at det er eit styr å finne ut kvar ting skal plasserast eller kva skrotkategori det er. Kjekt at du har vore innom bloggen min!

  3. Øystein Said,

    mars 7, 2016 @ 17:47

    Folla? Eg trudde vi berre hadde det i Ulsteinvik og Fosnavåg.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php