Tenkjedagar
No har eg hatt to tenkjedagar. Eg har ikkje tenkt meg om, men tenkt meir planmessig enn vanleg. Kall det gjerne «å rydde i skallen». Det vart litt refleksjon, men mest planlegging.
Eg fekk spørsmål om å sitje tentamensvakt for ei lita 10. klasse. For meg vart det ein ynskjesituasjon for tankearbeid. Eg vart litt inspirert av elevar som jobba med oppgåver i norsk og matematikk. Det smitta over på meg, eller kanskje måtte eg finne på noko for å unngå å gå i dvaletilstand. Så eg tenkte og noterte. Det var kanskje elevar som lurte på kva eg var så oppteken med, men det var sjølvsagt ingen som sa noko. Det skal vere stilt på tentamen.
Eg var kanskje litt tilbake i mitt yrkesaktive liv då eg kvar dag måtte freiste å få struktur på dagen og dagane. Vil du ha noko gjort, må der vere ein plan. Lagar du plan, kjem du og på ting i planprosessen. Så er det godt når noko er fullført å kunne lene seg litt tilbake, men berre litt.
Livet byd på overraskingar, slik at gjennomføringa av ein plan kan bli skipla undervegs. Det er inga orsaking for å arbeide utan plan.
Det vart mange punkt på planen min. Det første eg skulle gjere var å montere eit garderobeskap som var flatpakka. No står det der klart til bruk. For å få skapet i hop måtte eg følgje den grundige oppskrifta. Hadde eg ikkje gjort det, ville skapdelane framleis lege utover.
