Follabloggen

Velkommen til min blogg

Medan i ventar på møkka

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - fredag 29. april , 2011

Det kunne kanskje vere ein tanke å reise bort nokre dagar. Nei, her er slikt eit herleg vårver! Det er eit stort orkester eller kanskje det er eit kor, ute i skogen. Lauvet sprett og i går sette eg ny rekord i tidleg plenslåttstart. Etter hard vinter kom tidleg vår og erlerida ser det ut til at vi slepp i år. Men eg hugsar sjølvsagt det året vi bygde snømenn 27. mai. Skogen stod grøn og som kom dette kvite og la si kalde hand over alt.

No har vi fått vaska og tørka alle sengkleda etter påske, ja, ikkje berre det, men også ullteppe og pledd har fått si reinsing. Vi lever i spaning om når møkka kjem for då lyt vi stengje alle ventilar og late att alle vindauge og skunde oss gjennom ytterdørene. Då kan vi ikkje henge ut klesvasken. Kvifor kan ikkje gjødsla lukte like godt som ho gjorde før i tida? No er det berre pyton, i allefall når det er marker rundt oss, og det skal sprøytast utover i fleire dagar.

I dag la eg på sommarhjula så no rullar bilen så sommarlett bortover. I fjor måtte eg legge om til vinterdekk att etter to-tre dagar, men ifjor var det ganske spesielt med oskeskyer frå Island.  Ein dag eg kom utfor døra,  kjende eg svovellukta… det i lag med ammoniakk vert ganske sterk «medisin».

Vi kunne teke oss ein tur til Kreta, kanskje, men det er så mykje som skal gjerast fram til storhendinga i juni. Ja, vi fekk ein forsmak på det i dag. Kona sat og såg på, medan eg fekk med meg det viktigaste i Dagsrevyen. Vi karane skal liksom ikkje sitje inne og sjå på kongeleg brudlaup. Men det kunne no vere ein tanke å få med seg Charles sin tale for brudeparet. Stele nokre gode poeng.

 

1 kommentar »

  1. asmund myhrvold Said,

    april 30, 2011 @ 14:55

    Ja, det er riktig at kvinner og menn har litt forskjellig smak når det gjelder TV. Her er et ganske morsomt eksempel på det:

    Han sier: – At du gidder å se på alle disse matprogrammene. Du kan jo ikke lage mat.

    Hun svarer: – Du ser på porno.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php