Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Personar eg aldri møtte 1

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 18. november , 2011

Det kan bli mange bloggar om emnet. Eg veit ikkje sjølv kor mange, men eg har ofte tenkt på ein mann eg gjerne skulle ha møtt. Faren til kona mi kom vekk i Vesterisen i 1952. Kona hans sat då att med 5 born  å forsørgje, alle under elleve år. Kona mi, som var 6 […]

Den gongen vi røykte einebork

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser mandag 14. november , 2011

Det var  på -50 talet, altså før eg var konfirmert. Eg hugsar at det var nokså vanleg at vi jamaldringane i grenda hadde røyking av einebork som nytingsmiddel. Forresten det er vel litt sterkt å kalle det nytingsmiddel om vi samanliknar det med meir giftige stimuli. Vi fekk ingen rus av røyken, istaden vart det […]

Laban

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 3. november , 2011

Laban er eit innhaldsrikt ord og omgrep. Første gongen eg støytte på Laban var i bibelsogetimane på folkeskulen. Laban var bror til Rebekka, kona til Isak. Han vart så svigerfar til Jakob, son til Isak, fordi han var far til Lea og Rakel. Laban vart eit skjellsord fordi Laban ikkje var heilt påliteleg og ordhalden. […]

Ved ein skiljeveg?

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser tirsdag 1. november , 2011

Det er i desse dagar eitt år sidan eg starta blogginga. Ein blogg kan handle om alt og ingenting, og det har også mine bloggar gjort. Eg kjenner at eg har vorte meir kritisk etter kvart. Ein bør ikkje vere redd for å vise kva ein tenkjer, men samstundes er det alltid ein fare for […]

Kvisl

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 31. oktober , 2011

Kvisla er eitt av min barndoms stadnamn. Ei kvisl er ein stad der ei elv deler seg eller der to møtest. Slik eg hugsar Kvisla, rann vatnet roleg, vart mest som ei bakevje også. Eg søkte litt på nettet og det var svært mange islandske treff. Kvisl finn vi også brukt i Ynglingesoga i Heimskringla […]

Ei tid var…

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 26. oktober , 2011

Det er framleis folk som må ha heimetørka juleribbe. Dei saltar etter alle kunstens reglar og hengjer godsakene opp på eigna plass der det er høveleg med trekk, og jammen vert det også nytta elektrisk vifte for å sikre god tørk. No er det fleire år sidan eg slutta med dette, av fleire grunnar, klimatiske […]

Fineveret må brukast til noko

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser mandag 24. oktober , 2011

Ja, er det ikkje rart? Når det endeleg vert fint ver, så tenkjer eg straks: Dette må nyttast på beste måte. I dag var det i nærleiken av 14+ på det meste. Då kunne eg ikkje gå inne og tulle heile «guskapte dagen». Sidan det er 24. oktober og bonussommar, måtte eg gjere noko sommarleg. Først grov […]

Grisetankar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 20. oktober , 2011

Overskrifta er skriven på normert nynorsk. I dialekta mi heitte det grisetonka. Det tydde ikkje skiten fantasi, slett ikkje. Den som hadde grisetonka var urealistisk av seg, hadde overdrivne førestellingar om kva han eller ho kunne få til. Eg har tenkt meg at ein ikkje hadde altfor høge tankar om grisen si tankeverksemd, åndsevner eller […]

Gramming

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 18. oktober , 2011

Folk grammar seg for mangt og gramming er sjølvsagt negativt. I dag skriv eg litt om sjukeprat. Det er mange som er sjuke, ja kanskje dei aller fleste har ei eller anna liding. Det var ein dag eg tenkte at eg kunne skrive opp alle lidingane mine, reelle og tenkte, skrive dei ned i alfabetisk rekkjefølgje. […]

Petri Heil!

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser lørdag 15. oktober , 2011

I gutedagane var det berre fiske med trode og makk til agn, som gjaldt. Det er rart å tenkje på at det var slik, for det var godt under ei mil til næraste fjord. Det var krede vi fiska, eller aure om du ikkje veit kva ei krede er for noko. Først i  vaksen alder […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php