Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Krokodilletårer

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 19. desember , 2011

Eg tenkte ein formasteleg tanke då eg såg ein reportasje frå Nord-Korea i dag. Den store leiaren deira er død og ei folkemasse er oppløyst i gråt. Det er ikkje lett å avgjere om det er ekte gråt eller krokodilletårer. Vi har høyrt at folket i dette landet har vore utsette for alvorleg matmangel og […]

Higgs boson med meir

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 15. desember , 2011

Det kan somme tider vere freistande å skrive om noko som ein ikkje har det minste greie på. Higgs boson for eksempel! Har du ikkje høyrt om det? Det er det minste du kan tenkje deg i følgje fysikkvitarane. No veit dei ikkje om desse partiklane finst, men dei skal vere svært viktige for å […]

Synet mitt

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser mandag 12. desember , 2011

Dei som går med briller eller ekstra linser, og veit alt om det å vere langsynt eller nærsynt, kan late vere å lese denne bloggen. Det vart verre og verre. Kva står det på skjermen? Skal eg ikkje sjå tydeleg tekst når eg sit 3-4 meter unna. Eg har hatt lesebriller nokre år, og dei har eg […]

Julekort

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 11. desember , 2011

Det er tid for julekort. Framleis er det nokon som sender julekort i posten sjølvom portoen pr kort nærmar seg 10 kr.  Då er det billegare å sende eit epostjulekort, men så er det ein hake ved det. Mottakaren har kanskje ikkje epostadresse, eller den er ukjend. Eg har funne ut at det også går an […]

Juletre

Kategori: Ukategorisert | 6 kommentarer » - Publiser fredag 9. desember , 2011

Kan eit bladlaust lauvtre vere juletre? Kan ei syrinbuske utstyrast med lyslekkje? Må det vere gran eller fure for å kallast juletre? Når du bur i ein oase i øydemarka der det berre finst palmer, må ein vel kunne klatre opp med lys og ta med ei kokosnøtt eller to på veg ned att. Han […]

Inga jul utan nøtteknekkaren

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 7. desember , 2011

Eg er nett attkomen frå ei kjekk oppleving i det nasjonale kulturtemplet, Operaen i Bjørvika. Der fekk eg sjå balletten «Nøtteknekkaren». Mykje av musikken var kjend, men historia, koreografien, kostyma, dansen, var  nytt for meg. No veit eg at fleire har «Nøtteknekkaren» av Tsjaikovskij som ein del av sin førjulsetradisjon. Det var også gildt å få […]

Tankar i ei adventstid

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 28. november , 2011

I dag måtte eg ta ein titt på det eg skreiv for eitt år sidan. Då hadde vi kulde. Til no har førjulsvinteren vore mild. Det har vore mykje regn, og siste dagane også vind. Eg tek ikkje hardare i, men ute på Kråkenes slo orkanen» Berit» til så gøysen stod over fyret! Kvifor kalle […]

Overdriving

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 23. november , 2011

Der kom det igjen: «Eg er veldig glad for…». Det er ei typisk politikarutsegn. Kvifor kan ikkje talaren berre seie at han eller ho vart glad for noko. Er det ein fare for at mottakarane ikkje trur det om ein berre seier at ein er glad for noko. Eg har innsett at det i mange […]

Matkultur

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser mandag 21. november , 2011

Det er noko som heiter drikkekultur. Eg forstår det slik at det har med visse normer for drikkeskikk å gjere. Det er vel ikkje slik at det er god drikkekultur å bli dauddrukken i eit selskap? Viss vi så snakkar om matkultur, vert forståinga noko annleis. Då kjem menyen fram, kva ein et, kva som […]

Opp-pussingsraptus

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 19. november , 2011

Eg er inne i ein raptus. Det er eit anfall, ei ri, eit  tilfelle av verketrong. Det har ført til at eg mest ikkje har fred på kvitel! Det har vorte eit innsovingsmiddel og ein impuls til å kome meg i kjellaren straks eg har fått i meg frukosten og har pussa tanna. Har eg vorte […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php