Tankar i ei adventstid
I dag måtte eg ta ein titt på det eg skreiv for eitt år sidan. Då hadde vi kulde. Til no har førjulsvinteren vore mild. Det har vore mykje regn, og siste dagane også vind.
Eg tek ikkje hardare i, men ute på Kråkenes slo orkanen» Berit» til så gøysen stod over fyret! Kvifor kalle eit uver for Berit? Alle Beritane eg har kjent og kjenner, er kjekke jenter. Det er vel ein meterolog som har vore bort i ei furie med dette namnet. Trur ikkje nokon vågar å kalle opp meg, sjølv om eg også kan fyke opp. Nei, når ein er samnemnd med sitjande konge, så vågar dei seg vel ikkje på eit slikt namn. Dei vågar seg vel ikkje på Jens heller, sjølvom Jens hadde vore same Jens-en om han vart kalla opp att.
Elles tek soga seg opp att. I går var det igjen lysmesse i kyrkja vår og konsert etterpå. I dag tidleg måtte eg likevel reflektere litt over tid, alder og kondisjon. Slutninga vart at eg held på å bli for gammal. Vakna skammeleg tidleg og streva for å falle i dorm att. Var i grunnen greitt at eg stod opp for eg møtte katten som straks vart skyssa ut gangdøra. Sovna att gjorde eg likevel, og kom med ikkje ut av soverommet før 8.30.
Stjerna lyser i stoveglaset og den sjuarma er også tend. Når kona og eg har måltid, kveikjer vi adventslys. I adventstida skal vi først og fremst sjå framover.
