Follabloggen

Velkommen til min blogg

Inga jul utan nøtteknekkaren

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 7. desember , 2011

Eg er nett attkomen frå ei kjekk oppleving i det nasjonale kulturtemplet, Operaen i Bjørvika. Der fekk eg sjå balletten «Nøtteknekkaren». Mykje av musikken var kjend, men historia, koreografien, kostyma, dansen, var  nytt for meg. No veit eg at fleire har «Nøtteknekkaren» av Tsjaikovskij som ein del av sin førjulsetradisjon. Det var også gildt å få oppleve det heile saman med kona, fire barnebarn, ein svigerson og ei svigerinne!

Nataknekkjaren har lite å gjere med «Nøtteknekkeren». Nataknekkjaren vert brukt til å knekkje neter med. I min juletradisjon høyrde det med å knekkje neter i jula. Smaken av hasselneter og lyden av nataknekking var ein del av julestemninga. Eg ser føre meg dei nataknekkjarane vi hadde i barndomsheimen. I retteleg gamle dagar såg hjelpemiddelet til å få tak i den velsmakande kjerna annleis ut enn i dag. Mange brukte nok sine kraftige jekslar til jobben. For meg ville det vere risikofylt, men lømnsamt for tannlegen. Han eg er kalla opp etter hadde ein eigen teknikk med å knekkje neter med berre fingrane.

Eg kan ikkje kalle meg ein storbrukar av hasselnøtter, men eg er nok likevel den i huset som brukar nøtteknekkaren flittigast i jula.

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php