Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Sysken

Kategori: Ukategorisert | 5 kommentarer » - Publiser tirsdag 31. januar , 2012

Det må vere snart 30 år sidan vi sat utfor glaset og såg unge ut. To av oss har framleis bart, eg tok han etter få år. Vi var alle foreldre. No er vi også besteforeldre. Alle ser ut til å vere i godt humør. Eg hugsar at dette biletet vart teke, men eg hugsar […]

Rydding etter Dagmar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 28. januar , 2012

Det vert mange dagar med rydding etter dama som herja buplassen i jula. I går vart eg ferdig med å tømme vedskjulet som vart taklaust 1. juledag. No er all veden berga før han vert mat for elden. I dag har vi arbeidd med å lage ved av vindfalla, og  rydda  vekk greiner Eg kjende at […]

På kunstutstilling

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 27. januar , 2012

Du må ha god tid når du går på kunstutstilling. Eg går ikkje ofte på utstillingar, men det hender. For nokre dagar sidan hadde eg gleda av å rusle rundt og sjå på Kittelsen-bilete på Stenersen i Bergen. Eg likar å tenkje på bileta i ettertid og reflektere over dei motiva eg hugsar best, og […]

«Mjelk»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 18. januar , 2012

Språkstriden rasar igjen. No er det tekstane på mjølkekartongane som set sinna i kok. Her ein morgon oppdaga eg at Tine har funne på å fortelje konsumentane om nokre mjølkegardar. Det er gardar på Vestlandet som slik vert presenterte for dei mjølkedrikkande. Eg veit ikkje om nokon tek skade av å lese om mjøllkeprodusentar på […]

Stølshelg i Kvivsdalen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 17. januar , 2012

Dette var eitt av bileta eg hugsar frå familiealbumen i min barndomsheim. Far fortalde stolt at det var han som «trykte av». Sidan fotoet er så skarpt, reknar eg med at det vart brukt stativ. Eg har sett mange bilete frå setrehelger, men dette motivet er noko spesielt. Det er fleire grunnar til det. Når […]

Lenge sidan, eller….?

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser lørdag 14. januar , 2012

Då eg var liten, fanst det ikkje fotoapparat i heimen. Det var ei tante som skal ha særleg ære for at det finst barnebilete av meg  og syskjena. Det biletet som eg har lagt til, var det ikkje tante Oddlaug som tok med sitt kassaapparat. Eg må ha vore halvtanna år då eg vart fotografert […]

Ein bokelskar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 7. januar , 2012

Eg har lese og høyrt om studenten som med rette kan kallast ein bokslukar. Det er ikkje til å tru kor mange bøker denne unge mannen har lese. Han har opna eigen bokhandel i Storgata og sel brukte bøker. Eg var innom der i dag og vart verkeleg imponert. Rommet er fylt av bokhyller som […]

Svartomnen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 3. januar , 2012

«Folk glemmer sine skolekamerater, sine ferieturer og favorittleker- men aldri ovnen i et barndomshjem.» Det er eit sitat frå boka «Hel ved», som toppa salslistene før jul 2011. Det var fleire ovnar i min barndomsheim, men den som sit sterkast i minnet er vedkomfyren på kjøkkenet. Gjennom vinteren var det på kjøkkenet det vart fyrt […]

Juling

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 30. desember , 2011

Det var mange som fekk juling, vi og. Det var Dagmar som svinga speissa. Ho kom brasande då vi sat ved kaffibordet i kveldinga 1. juledag. Vi høyrde eit ofseleg brak. Det var taket på vedskjulet som for forbi og så vidt sneia verandarekkverket. Bølgjeblekkplater låg strøydde. Dei vart raskt lagde på trygg stad for […]

Vert folk dummare?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 22. desember , 2011

No veit vi det. Unge menn er dummare enn før! Det viser seg at prestasjonane på intelligenstestane ved forsvaret sine sesjonar går ned. Kva kjem det av, lurer ein på. Kan det vere skulen som sviktar? Kan det vere at ungommen er meir einsidig enn før. Ein bryr seg mindre om å lære fakta, flyt […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php