Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Ein vårleg dobbeltblogg

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 22. mars , 2012

Det er tøya igjen etter eit snøfall for få dagar sidan. Ein rar vinter har det vore,ein slags halvvinter, men såpass kjøleg at det har vorte fyrt i omnen dei fleste dagane. Kjøtmeisa har hatt vårkjensla ei tid, ugla har hukra i seine kveldar og tidlege morgnar. Leirfivelen kikar opp i vegkanten. Er det ei […]

Tur til øya

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 18. mars , 2012

Det vart  øyatur i dag. Nils og eg skulle ut for å sjå på eit båtnaust som treng reparasjon. Hans tok oss med i båten og hunden måtte sjølvsagt vere med. Veret var godt til klokka 12 då vi returnerte. Årsetøya kan det seiast mykje om. Mellom alt anna finn vi også gammal båthistorie her. […]

I godt selskap

Kategori: Ukategorisert | 4 kommentarer » - Publiser onsdag 7. mars , 2012

Biletet over er frå 1898. Det er frå eit stemne i Aasentunet og det er berre to år sidan Ivar Aasen døydde. For å setje det i eit endå større perspektiv: Bjørnson og Ibsen lever framleis, og det er sju år til Noreg vert skilt frå Sverige! Kvifor syner eg dette biletet i bloggen min? […]

Ein likandes kar

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser mandag 5. mars , 2012

Kva kvalifiserer for merkelappen: Likandes kar? Eg lèt objektive kriterier ligge . Eg synest det er bra viss personen får sving på tankane mine, positivt. Kanskje eg lærer noko av han. Noko eg burde visst frå før. Han eg tenkjer på, kom på besøk i dag. Eg tolte å bli sett litt til veggs av […]

Balanse

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser onsdag 29. februar , 2012

Det er viktig å vere i balanse. Ordet er sentralt i rekneskapsføring, men det er ikkje det eg tenkjer på. Du har nok som eg opplevd stunder eller tider i livet då du ikkje var i balanse. Det kan vere ei kroppsleg liding, eller det kan vere av psykisk art. Er ein ikkje i balanse, […]

Meir om posten

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 27. februar , 2012

Rasjonaliseringsiveren i Posten ser ikkje ut til å vekkje dei sterke reaksjonane i landet.  I følgje Sentio  si nyleg offentleggjorde meiningsmåling, meiner halvparten av dei spurde at det er greitt at det ikkje vert omdelt post på laurdagar.Vi får elles vite at det er Krf og Senterpartiet som vil halde på laurdag som postdag. Akkurat. […]

Posten skal fram

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 21. februar , 2012

Tek  eg feil når eg minnest at det ikkje var postombering kvar dag i min barndom? No var det lite anna som kom i vår postkasse enn brev og lokalavisa. Jau, det kom nokre misjonsblad, men dei kom gjerne med fjorten dagars mellomrom eller meir. Sidan eg vaks opp på gard, fekk vi også Bondebladet. […]

Endå meir av det greinalause

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 16. februar , 2012

Det er snart eit år sidan eg hadde eit innlegg om greinaløyse og greinalause personar. Eg har ikkje slutta å minnast gamle ord og uttrykk, men etterkvart kjenner eg på at det vert vanskelegare å levere når det skal formast i ei tekst. Nokon vil seie at det må no vere vandelaust for ein som […]

Pus

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser søndag 12. februar , 2012

Katten vår er ingen ungdom lenger, men her ein dag fann han ut at han skulle hoppe opp på stolryggen. Her vart han liggande ei heil stund og lurte nok på kvifor eg viste interesse for dette påfunnet. Han vert kalla Pus til dagleg, eit ord han finn meining i, men namnet er Marianne. Kvar […]

Ved

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser onsdag 8. februar , 2012

Den store lerken som Dagmar la i bakken i jula, er no langt på veg ved. Rotenden på over to meter ligg på bakken, upartert. Eg har tankar om dette «emnet» Eg har ein slags visjon om at han skal bli til noko, ikkje ein skulptur, men ikkje langt frå. Sidan sist laurdag, har prosjektet […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php