Ved
Den store lerken som Dagmar la i bakken i jula, er no langt på veg ved. Rotenden på over to meter ligg på bakken, upartert. Eg har tankar om dette «emnet» Eg har ein slags visjon om at han skal bli til noko, ikkje ein skulptur, men ikkje langt frå.
Sidan sist laurdag, har prosjektet vore å kløyve dei store og mindre kubbane om til vedskier. Alle vedskiene er lødde opp mellom to graner og skal bli til varme i huset om eit år eller så. Dei store kubbane var tunge å løfte opp på kløyvaren, men alle måtte til pers.
Eg har søkt på nettet for å finne kva brennverdi lerk har, men det er visst ikkje registrert. Lerk er eit treslag som er i slekt med furua og er eit heller ungt tre i den norske florae . Lerken er annleis enn dei andre bartrea våre for det feller nålene om hausten. Dette treslaget har ikkje lett for å rotne, det skal vere mest som impregnert trevyrke. Ved Høgskulen i Volda, det såkalla Berte Kanutte-bygget, er kledd med sibirsk lerk. Eg veit og at lerk har vore brukt til båtbord. Ein vanske med lerken er at han gjerne veks seg kroket og er dermed oftast svært vanskeleg å sage til trevyrke. Når eit tre er kroket, er det ofte tenner, eller tenar, som gjer at treet vert umedgjerleg på sagbenken, det «krullar » seg.
Det var kjekt å arbeide med veden, god mosjon var det også. I dag var det like før sola viste seg over Skredefjellet. 
Skrevet den 09.02.12
Skulle gjerne vore der ilag med deg! Kjekt arbeid og god trening.