Endå meir av det greinalause
Det er snart eit år sidan eg hadde eit innlegg om greinaløyse og greinalause personar. Eg har ikkje slutta å minnast gamle ord og uttrykk, men etterkvart kjenner eg på at det vert vanskelegare å levere når det skal formast i ei tekst. Nokon vil seie at det må no vere vandelaust for ein som i sitt yrkesaktive liv har arbeidd med tekster. No er det å seie at det har mest vore elevtekster. Eg er no ikkje så staurgammal enno, og eg kan også sjå med kritiske auge på det eg sjølv har gjort og ikkje gjort. Når eg tenkjer på det som har kome på mitt bord, så er det slett ikkje vanskeleg å innrøme at eg truleg har svikta mang ein forfattarspire. Kan eg ha skuld i at han eller ho miste motet i møte med formelle krav og kommentarar i margen, og endeleg dom; ein karakter! Som han syng gamle Willie Nelson:» It is nothing I can do about i now». Nei, det er for seint no. Saka er likevel at eg ved inngangen til mi lærargjerning hadde tankar om å få gjort noko som var banebrytande innanfor norskfaget. Det vart visst med tanken. Sidan eg er inne i en slags ransakingsmodus, så kan eg like godt seie at det vart for mange lause endar. Etter kvart såg eg vel også at det skulle noko til å skape noko som kunne stå seg. Det vart i høgda prøving. I motlause stunder dukkar orda frå Wessel opp: » Han syntes fødd til bagateller og noget stort han ble ei heller.» Var det verkeleg det eg ville? Skape noke stort? Nei, det vart heller » det du evner kast av i de nærmeste krav.»
Avgangselevane mine brukte å gje ut ei avis siste året. Ho kom ut 17. mai og var ei slags russeavis. Eitt år heitte ha «Greinaløysa». Eg har eit minne om at namnet passa bra. Eitt anna år heitte ho «Saudeparla». Det var endå meir treffande, ikkje minst fordi skulen haust og vår gjerne hadde besøk av ullkledde firfotingar som la att lorten sin innanfor skuleporten. Viss dei slapp inn. Det verste for meg som norsklærar, var at elevane hadde null interesse av å høyre på meg når eg freista rettleie dei om kva som burde stå i ein slik publikasjon. Dei brydde seg også lite om at eg tykte det vart vel mykje»eiga» rettskriving (les: feilskriving) i åndsprodukta. No er det visst slutt på tradisjonen med russeavis i ungdomsskulen.
