Balanse
Det er viktig å vere i balanse. Ordet er sentralt i rekneskapsføring, men det er ikkje det eg tenkjer på. Du har nok som eg opplevd stunder eller tider i livet då du ikkje var i balanse. Det kan vere ei kroppsleg liding, eller det kan vere av psykisk art. Er ein ikkje i balanse, har ein det mindre bra. Når du er i ubalanse av ein eller annan grunn så er du ofte altfor oppteken av det som er ille.
Eg tenkjer i dag på at vi kan bli «smitta» av eitt eller anna som gjer at vi blir hekta. Wordfeud eller scrabble på nett er noko som mange er heilt gira på no om dagen. Eg måtte prøve eg og. Er litt smitta trass i at eg berre taper. No har ikkje eg smarttelefon, så det er kona sin Ipad som vert nytta. Når ein er gripen av ei slik «feme», finn ein alltid på grunnar til å overdrive. Min grunn om dagen er at eg fekk ei skikkeleg forkjøling og må halde meg inne. Vert det for mykje luftendring, hostar eg så eg mesta taper balansen.
Så det er Wordfeudfeber som er dagens årsak til litt ubalanse i livet mitt. Men det plagar meg ikkje!


Håvard Kalvatn Said,
februar 29, 2012 @ 23:27
Artig tekst:) Hadde vore interessant å testa balansen på eitthjulingen igjen. Lykke til i neste wordfeud-slag!
Idunn Said,
mars 1, 2012 @ 14:17
Beklager at vi smitta deg! (Både når det gjeld hoste og wordfeud…)
Harald Said,
mars 1, 2012 @ 20:56
Drikk Bisolvon :-)