Follabloggen

Velkommen til min blogg

Posten skal fram

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 21. februar , 2012

Tek  eg feil når eg minnest at det ikkje var postombering kvar dag i min barndom? No var det lite anna som kom i vår postkasse enn brev og lokalavisa. Jau, det kom nokre misjonsblad, men dei kom gjerne med fjorten dagars mellomrom eller meir. Sidan eg vaks opp på gard, fekk vi også Bondebladet. Det var forresten meir brevskriving den gongen. Sidan vi ikkje hadde telefon, var det brevet som var kontaktmediet.

Det er ikkje ofte eg vert sint og hissar meg opp når eg ser Dagsrevyen, men i dag rann det over for meg. Det handla om Posten Norge. Først den positive meldinga om at Posten har hatt eit overskot siste året, større enn på fem år. Kva kjem så i neste andedrag? Jau, at 150 postkontor skal vekk. Det får vi servert endå det har vore ei knallhard sanering av postkontor i kongeriket. Men så kom det verste: Det skal bli slutt på postombering laurdagar, dersom dei rasjonaliseringskåte får viljen sin.

No får vi setje vår von til at politikarane set foten ned og bremsar nedskjeringa. Det er tydelegvis ikkje meininga at det skal bu folk i distrikta. I byane er det vel slik at dei store avisene har bod som går rundt med avisene. Byane vert ikkje råka like hardt. Eg har merka meg at det er sjeldan eller aldri brev i postkassa på laurdagar.Eg har tenkt mitt!

Tidlegare heitte det: Posten skal fram. Posten er viktig for å binde saman, nå ut til alle kvar yrkedag. Eg tenkjer at posten har vorte viktigare i dag på grunn av netthandelen. Du kan tinge noko på nettet og få det på døra etter få dagar.Det er i det heile meiningslaust bakstrev å slutte med postombering på laurdagar. Postkontoret har eg ikkje hatt eit særleg tilhøve til. Berre legg ned alle saman, men syt for at posten kjem fram, til meg og frå meg! For meg kan det godt vere post i butikk, men distribusjonen må fungere.

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php