Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ein vårleg dobbeltblogg

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 22. mars , 2012

Det er tøya igjen etter eit snøfall for få dagar sidan. Ein rar vinter har det vore,ein slags halvvinter, men såpass kjøleg at det har vorte fyrt i omnen dei fleste dagane. Kjøtmeisa har hatt vårkjensla ei tid, ugla har hukra i seine kveldar og tidlege morgnar. Leirfivelen kikar opp i vegkanten. Er det ei oppljøs ykt, får ein ekstra energi og emnar på litt vårlege sysler rundt husa. No skal det snart skje litt med det taklause vedskylet også.

I dag vart det hektisk inneaktivitet med å få «på lufta» det nye fjernsynet. Over halve dagen gjekk det før det vart bilete på den store skjermen og resten av dagen gjekk med til å glane. Jau, det vart annleis; personane kom mesta inn i stova. Det vart ikkje bading på Bjørke i dag. Kona var ikkje heilt i form etter tannlegebesøket, og eg var ikkje heilt ferdig med installasjonen.

————–

Dette er ein todagarsblogg. 22. mars er ein historisk dag, historisk er forresten alle dagar, for ein eller fleire. Sidan det er 45 år sidan Bjørg og eg gjekk fram til altaret i Ørsta kyrkje, så la vi opp til ein real rekedag i dei to bygdebyane våre. Vi kom heimatt med mangt naudsynt, og noko mindre naudsynt i bilen. Vi vart etterkvart samde om at dette skulle vi ha gjort før på bryllaupsdagar. Det treng ikkje vere slik at vi kvar gong kjem heim med ein ny støvsugar eller jakke og skjorte til meg, og ingen ting personleg til kona. Mine eventuelle lesarar får ikkje vite meir om kva vi kom heim med. Eg bør vel legge til at vi åt bryllaupsmiddag, lunka potetball, før vi sette kursen mot Austefjorden att.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php