Tur til øya
Det vart øyatur i dag. Nils og eg skulle ut for å sjå på eit båtnaust som treng reparasjon. Hans tok oss med i båten og hunden måtte sjølvsagt vere med. Veret var godt til klokka 12 då vi returnerte. Årsetøya kan det seiast mykje om. Mellom alt anna finn vi også gammal båthistorie her.
Målet for turen var naustet til den gamle fiskebåten «Trygve». Det var den første fiskebåten i fjorden som fekk sett inn motor. Det er eit spørsmål om det er råd å få den gamle båten på sjøen att utan store kostnader, men dett båtnaustet ned, er det slutt for godt med den gamle skuta. Vi tre karane kom i Austefjord Museumslag si teneste. Tanken er å søkje om midlar for å få reparert båthuset som også fekk skadar i orkanen.
Når du ser dette biletet, kan du undre deg over at huset ikkje har ramla ned, men dei gamle kunne å byggje slik at det stod i dei fleste stormar. No er naustet i stor fare sidan ein god del av veggen mot sjøen, er borte. Kjem det ein ny orkan, vil truleg bygget ramle saman.

