Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Slåtten er i gang

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 5. mai , 2012

Eg har gått og sett på det som stikk opp av jorda, og i dag fann eg ut at eg ville gjennomføre første barberinga i år. Som tenkt så gjort. Eg drog i gong Hondaen og traska etter klipparen ein halvtimes tid. To «posar» med gras! Litt rart å slå plen medan snøbygene står i […]

Meir skrik

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 3. mai , 2012

I går skreiv eg om dette biletet som skulle auksjonerast på Sothebys. Jau, rekord vart det. Munch har slått Picasso! Nesten 690 millionar gjekk det for. Men eg skreiv noko feil i mitt fåvit. Det er ikkje snakk om eit måleri. Det er ei teikning. Ei teikning er etter mitt skjøn eit enklare produkt enn […]

«Skrik»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 2. mai , 2012

I natt skal «Skrik»på auksjon i New York. Han som måla skilderiet har skrike frå seg for mange år sidan. No er det visst fire variantar av måleriet, men det er eitt som har vore i privat eige som skal under hammaren. Det vert spennande å lese i morgon eller høyre på nyheitene kva som […]

Godverssøndag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 29. april , 2012

Vi måtte synge «No livnar det i lundar» då vi hadde frukost på terrassen i dag tidleg. Kona hadde lagt planar for vårdagen og eg fann ingen grunn til å legge ned veto. Det vart først ei kort høgmesse med elleve frammøtte, bortsett frå vikarpresten og organisten.  Etter kvart vart det tur til Volda. Sidan […]

Frå shorts til stillongs

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 28. april , 2012

No skulle det vere vår i bygda. Bjørka heldt på å få grønfargen, og fuglane song i skogen. Då eg kom ut i dag, låg det ein bokfink på dørmatta. Pus må alltid vise oss at han kan  kunsten å fange fugl. Det er ikkje noko umoralsk i det, for ein katt. Men etter gårdagens […]

«Berre sit!»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 26. april , 2012

Det er ei tid for alt. Eg har vel ikkje gløymt alt av gode og mindre gode vanar frå ei tid som var. Å reise seg ved pulten når læraren kom inn i klasserommet om morgonen, vil eg seie var ein god vane. Dei fleste lærarar meiner nok at det kan vere ein god måte […]

Klakken

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser fredag 13. april , 2012

Har du ein Clack på kjøkenet. Her i huset finn du han der. Det er eit hjelpemiddel til å få toppen av egget. Til alle tider har menneska brukt eit velretta slag med egga på ein bordkniv til å få av toppen så teskeia kan kome til. Kona hadde kjøpt ein ekstra som ho hadde […]

Å hei, og hi og tirililti

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser søndag 1. april , 2012

Skal tru kvar stareparet eg såg for ei veke sidan, har vorte av? Eg veit at staren ikkje syng  tirilil-ti,  og han gjer det slett ikkje når nordvesten piskar snøen vassrett om novene. Eg fekk songen om lerka på hjerna i dag tidleg. Songtimen sjølvsagt. I staden for «den kvite symra» fekk vi no iskalde […]

Vinter igjen

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser torsdag 29. mars , 2012

No har yr fortalt om påfyll av snø. Kvitekaren kryp nedover liene, og eg har funne fram stillongsen igjen. I går for her ein gul bil som sanka inn brøytestikkene så det vert vel ein kort vinter. Vi får besøk av sju barneborn i påska, så eg må vel hente akebretta nedatt frå garasjebetane. No […]

Ny inspirasjon

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser onsdag 28. mars , 2012

Eg har gått siste dagane og ruga over manglande inspirasjon. Det var ei tid ideane kom med morgonljoset, eller dukka opp ut over dagane. Skal du skrive, må du ha noke å skrive om, men det heldt på å bli tørke i tankeverda. I dag kom eit brev. Det var med undring eg opna det. […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php