Follabloggen

Velkommen til min blogg

Å hei, og hi og tirililti

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - søndag 1. april , 2012

Skal tru kvar stareparet eg såg for ei veke sidan, har vorte av? Eg veit at staren ikkje syng  tirilil-ti,  og han gjer det slett ikkje når nordvesten piskar snøen vassrett om novene. Eg fekk songen om lerka på hjerna i dag tidleg. Songtimen sjølvsagt. I staden for «den kvite symra» fekk vi no iskalde vindar og snøfiller. Læraren min på folkeskulen sa at vi skulle seie snøkrystallar, men det nektar eg etter å ha vore ute med snøfresaren ein palmesøndags morgon. Tirilil-ti gjev meg elles assosisisjon til jenta som kalla ein viss blomst for tirililtitunge. Det var den tida då vi hadde lov til å samle planter og lage herbarium.

Av og til er det nesten sol, den livgjevande energikjelde vi mesta ikkje har sett sidan ho kunne openberre seg her 10. februar. Eg hadde gledd meg til å sitje ute på terrassen og drikke kaffi i påska. Eg er snar slik. Kjem det ein solglytt, må eg ut. Eg liknar på lerka, vert rik av ein solstråle!

Påskegjestane er ikkje komne enno. Vonar dei kjem i morgon viss Strynefjellet er ope.

 

1 kommentar »

  1. idunn Said,

    april 8, 2012 @ 14:23

    Ope var det, og her har vi jammen kosa oss i påska! Mange og lange solgløttar, mykje god mat og ikkje minst mange kjekke folk :)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php