Meir skrik
I går skreiv eg om dette biletet som skulle auksjonerast på Sothebys. Jau, rekord vart det. Munch har slått Picasso! Nesten 690 millionar gjekk det for. Men eg skreiv noko feil i mitt fåvit. Det er ikkje snakk om eit måleri. Det er ei teikning. Ei teikning er etter mitt skjøn eit enklare produkt enn eit måleri. Då er sjølvsagt sensasjonen endå større. Berre synd at Edvard ikkje fekk oppleve dette.
No fekk vi ikkje vite kven som har vorte eigar av «skissa». Det kjem vel fram snart. Då startar kunsttjuvane planlegginga. Å stele «Skrik» må vere alle tjuvar sitt optimale mål. Det har skjedd før seier du, at «Skrik» har vorte stole. Men det var ein variant av det skriket vi no talar om, siste «Skrik»!
