Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Sommaren er over

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser torsdag 2. august , 2012

«No trur eg pessimisten har sigra over optimisten.» Det eg såg fram til heilt sidan august i fjor, slo ikkje til. Det vart ikkje sommar i år heller. Nesten ikkje ein heil sommardag utan at det måtte drype frå skyene eller hange grå gardiner ned i fjella. Råka ein Olav i Volda i går. Han […]

Måten er beste låten

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser fredag 29. juni , 2012

I den ofte omsnakka agurktida diskar avisene opp med velkjende problemstillingar. Sidan det no synest å vere slått fast ein gong for alle at kaffi er sunt, er det spørsmål om når det vert for lite kaffi innabords, og når det vert for mykje. Overdriven kaffidrikking er visst skadeleg for blodpumpa, medan moderat inntak lengjer […]

Gi alt!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 27. juni , 2012

Det er det dei lovar når dei står fram og vert intervjua, dei som skal prestere noko, gjerne framfor eit meisterskap. Somme tek ekstra hardt i og lovar å yte 110 %. Alle veit at det ikkje er mogleg, men det høyrest så bra ut. Ein kan godt love å yte meir enn ein maktar, […]

Grøt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 12. juni , 2012

Det vert ikkje innlegg på bokmål, viss nokon venta det. Har du høyrt om grjot? Det er eit urgammalt ord for stein. Dialektisk kan det vere grøt, og då i samanheng som Grøthornet(fjell) eller sendegrøt. Det siste er noko verre å forstå. Grøt+sende. Sisteleddet kjem av sandstein. Sandstein har vorte brukt til å lage brynestein […]

Alfakrøll

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser torsdag 7. juni , 2012

Eg lurer på kvifor det framleis er folk som seier alfakrøll. Det får meg til å tenkje at personar som elles er oppgåande og til og med brukar stemma si i radioen rett så ofte, ikkje vil endre språkbruken sin. Det heiter krøllalfa på norsk og snabel- a på dansk. Ei av dei mest gjengse […]

Kolbota

Kategori: Ukategorisert | 4 kommentarer » - Publiser fredag 1. juni , 2012

Det er berre ein sunnmøring som kan få låkt i kolbota. Du har to kolbøter, ei på kvar fot. Kolbota ligg på baksida av kneet. Kanskje ein kvan som les bloggen min veit kva ordet kjem av. Eg har eit ord til i same slengen. Alle veit kva eit saltkar er. Det finst mange sortar […]

Marienlyst

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 1. juni , 2012

Eg kjenner ein som mest heile sitt vaksne liv har jobba i NRK. For eit par dagar sidan fekk eg oppleve å bli guida rundt på Marienlyst. Diverre såg eg ikkje Åsulv korkje på kantina eller vandrande i ein korridor. Tenkjer han sat på kontoret sitt. Kven eg elles såg , kan no vere det […]

Elvatitre

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 23. mai , 2012

Elvatitre viste seg å vere Noregs nasjonalfugl. I heile min oppvekst vart det berre snakka om denne elvatitra som flaug i låg høgd over elva og laga desse karakteristiske lydane, ei titring om du vil. Trur ikkje eg la skikkeleg merke  til den svarte og kvite fuglen før eg flytta til Sunndalen og såg han […]

Om å få ting gjort

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 19. mai , 2012

Det er ei kjend sak at nokon får ting undan medan andre går rundt og tenkjer på ugjort utan at det skjer noko. Eg likar å tenkje på meg sjøl som resultatorientert, men det kan stundom gå litt tid frå tanke til handling. Det er eit gammalt uttrykk som eg forstår meininga i, men ikkje […]

Ettertankar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 12. mai , 2012

I går kveld måtte eg konstatere at det vart i meste laget med tungt og trist i media. Eg skal sjølvsagt ikkje ta innover meg, som det heiter, alt det  vonde som hender, men det er ikkje tvil om at det går inn på ein. Nyheitene i dag er meir normale. Noja, ein elg i […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php