Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ettertankar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 12. mai , 2012

I går kveld måtte eg konstatere at det vart i meste laget med tungt og trist i media. Eg skal sjølvsagt ikkje ta innover meg, som det heiter, alt det  vonde som hender, men det er ikkje tvil om at det går inn på ein. Nyheitene i dag er meir normale. Noja, ein elg i Oslofjordtunnelen er vel ikkje normalt. Trist at han måtte avlivast, men det er vel grenser for kor stor innsats ein kan gjere for å redde eit dyr som har forvilla seg inn i ei trafikkmaskin. Det er forresten andre levande som dukkar opp der dei ikkje skal i desse tider. Tiurar for eksempel som søkjer til sivilserte strok når hormona brusar.

Det er ikkje slik at alt det vonde er stroke ut av tankekartet, men det er rart med kor mykje media verkar inn på ein i kvardagslaget. Av og til tenkjer eg på korleis det var i gamle dagar når nyhenda var gamle når dei nådde mindre sentrale strok. No veit vi om kva som skjer utaskjers mest i same augneblinken.

Kva så med det som hender rundt ein i bygda eller byen? Det har slege meg meir enn ein gong at det hender mykje som ein ikkje får vite om før lenge etterpå. Så er det no eit spørsmål om kvifor eg skulle vite om at han eller ho har reist frå maken sin, eller at nokon har fått ein lei sjukdom.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php