Follabloggen

Velkommen til min blogg

Om å få ting gjort

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 19. mai , 2012

Det er ei kjend sak at nokon får ting undan medan andre går rundt og tenkjer på ugjort utan at det skjer noko. Eg likar å tenkje på meg sjøl som resultatorientert, men det kan stundom gå litt tid frå tanke til handling.

Det er eit gammalt uttrykk som eg forstår meininga i, men ikkje kva det kjem av eller det reint grammatiske. Far brukte å seie når noko drog ut i tid, og kanskje ikkje vart noko av i det heile: «Det skjer ikkje ett takje!» Kva er dette «takje»? No vert ordet tak uttala «takje» i bunda form eintal i dialekta mi. Det kan no vel ikkje ha noko med eit tak å gjere. Helst vil eg tru det har med eit tak i tydinga «ta eit tak» – få det gjort.

Vi fekk forresten ferdig taket på vedahuset til sommaren. Det er i alle fall tett, men heilt ferdig er det ikkje viss vi skal ha torv på det, men det skjer vel ikkje «ett takje»!

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php