Follabloggen

Velkommen til min blogg

Gi alt!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 27. juni , 2012

Det er det dei lovar når dei står fram og vert intervjua, dei som skal prestere noko, gjerne framfor eit meisterskap. Somme tek ekstra hardt i og lovar å yte 110 %. Alle veit at det ikkje er mogleg, men det høyrest så bra ut. Ein kan godt love å yte meir enn ein maktar, men det går ikkje alltid vegen.

Det er vel mest jordnært å love at ein kan gjere sitt beste. Det er forresten slett ikkje sikkert ein får til det heller. I etterkant kan det vere greitt å oppsummere kva som gjorde at det ikkje vart topplassering eller rekord.

No kan det tenkjast at nokon verkeleg gir alt, og ikkje berre på idrettsbana, men heile livet sitt, utan å halde noko att, synge ut og meine det: I  Surrender all. Eg har stått i kor og sunge dette og tenkt: Gjer eg verkeleg det?

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php