Follabloggen

Velkommen til min blogg

Elvatitre

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 23. mai , 2012

Elvatitre viste seg å vere Noregs nasjonalfugl. I heile min oppvekst vart det berre snakka om denne elvatitra som flaug i låg høgd over elva og laga desse karakteristiske lydane, ei titring om du vil. Trur ikkje eg la skikkeleg merke  til den svarte og kvite fuglen før eg flytta til Sunndalen og såg han ved stryka i Sunndalselv.

Her var ein fugl som skreik slik, men det var lenge før eg vart klar over at det måtte vere hakkespetta. Hakkespetta er  ikkje berre trommis, ho kan lage skrikelydar også, nesten som ei av finalistane i Baku.

Typisk at eg ikkje greier halde meg til overskrfta. Hakkespetta og fossekallen går ikkje i hop, dei opererer i kvar sine biotopar.

Eg freistar framleis å orientere meg i den verda eg er sett inn i, prøver å utvide mine kunnskapar. Kan hugse eg fekk greinalause svar når eg spurde etter namn på plantar heime i farsgarden. Det gjekk sjølvsagt i gras og ugras, noko eg var lite nøgd med. No er eg litt urettvis for det vart skilt mellom timotei og kløver, og suregras.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php