Follabloggen

Velkommen til min blogg

«Skrik»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 2. mai , 2012

I natt skal «Skrik»på auksjon i New York. Han som måla skilderiet har skrike frå seg for mange år sidan. No er det visst fire variantar av måleriet, men det er eitt som har vore i privat eige som skal under hammaren. Det vert spennande å lese i morgon eller høyre på nyheitene kva som vart prisen. Det har vorte tippa at det kan kome til å koste tusen millionar kroner! Det er vel ikkje noko galleri som har nok pengar til det. Kanskje er det er ein nyrik russar som dreg av med biletet, eller ein kinesar, eller kanskje Romney.

Viss eg hadde måla dette enkle motivet, ville det aldri kome opp i hundre kroner. Det geniale er gjerne enkelt, men eg hadde aldri slege igjennom med å måle noko slikt. Ein må vere Munch for å skape «Skrik», «Madonna» eller «Syk pike».

«Skrik» er eit unikt bilete og det som er verkeleg originalt, kan vanskeleg verdsetjast høgt nok. «Skrik» er ikkje berre ein illustrasjon av eit menneske som skrik ut si fortviling, heile biletet er eit skrik. Linene i landskapet og fargane er også med på å få fram  dette.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php