Follabloggen

Velkommen til min blogg

Godverssøndag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 29. april , 2012

Vi måtte synge «No livnar det i lundar» då vi hadde frukost på terrassen i dag tidleg. Kona hadde lagt planar for vårdagen og eg fann ingen grunn til å legge ned veto. Det vart først ei kort høgmesse med elleve frammøtte, bortsett frå vikarpresten og organisten.  Etter kvart vart det tur til Volda.

Sidan eg ikkje har vore opp til Grindløa, måtte vi opp dei bratte bakkane dit. Eg granska sjølvsagt byggverket og tenkte på vedahuset som har liknande byggemåte, og som eg veg på om eg skal legge torvtak på. Det er ikkje noko å seie på utsikta og det er nok mange som går opp hit til Kleppeåsen for å sjå Øyralandet i fugleperspektiv.

Vi har fått fine vanar sidan Mogàn og gjekk på kinarestaurant før vi sette kursen mot Samfunnshuset og Dokfilmfestivalen. Det var verdspremiere på filmen om Knut Bernhard Aarseth, kometoppdagaren. Eg har vore ein gong på Kometland som ligg på Kleppeåsen. Diverre var det ikkje tilhøve for å sjå stjerner den kvelden. Det var forvitneleg å høyre om kva Knut har gjort. Det gjekk etter kvart opp for meg at han er heilt oppslukt av tanken på at han kan kome til å oppdage at det er liv på andre planetar! Det var sagt at dette er det største observatoriet laga og eigd av ein privatperson. Vi fekk ei levande framstilling av alt det styret det vart då han oppdaga kometen i 1989 samstundes med ein som heiter Brewington.

A perfect day :-)

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php