Sysken
Det må vere snart 30 år sidan vi sat utfor glaset og såg unge ut. To av oss har framleis bart, eg tok han etter få år. Vi var alle foreldre. No er vi også besteforeldre. Alle ser ut til å vere i godt humør. Eg hugsar at dette biletet vart teke, men eg hugsar ikkje høvet. Det er ikkje ofte no at vi er samla slik på ein benk, veit ikkje om det har hendt sidan. Vi er sysken og det er to år mellom kvar av oss.
Så går vi bakover i tida, slutten av 50-talet. Då ser ein litt meir skildnaden i alder. Han med slips er eg. Søstera vår har fått seg bunad, litt omsydd. Yngstebroren i matrosdress.
Sidan eg er eldst, stod eg bak (til venstre), søstra vår er nest eldst. Sei meg er det råd å sjå på det nyaste biletet at eg er eldst?



Idunn Said,
februar 1, 2012 @ 21:00
Meiner eg óg hugsar då det øverste biletet vart teke! Det er veldig fint! Nei, det går ikkje an å sjå at du er eldst på det :)
Birgit Said,
februar 3, 2012 @ 11:05
«offa» seier Johanna og peiker på bildet medan ho smailer stort. Det er sjølvsagt morfar ho meiner. Eg trur det er tatt i påska. De får ta eit nytt bilde ved neste treff.
Håvard Kalvatn Said,
februar 9, 2012 @ 22:30
Tøffingar!
helena Said,
februar 20, 2012 @ 20:06
Det ser ut som om du og søstera di er ca like gamle. :)
helena Said,
februar 20, 2012 @ 20:11
altså på det nederste bildet. Men på det øverste er jeg enig med mamma (Idunn).