Follabloggen

Velkommen til min blogg

Svartomnen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 3. januar , 2012

«Folk glemmer sine skolekamerater, sine ferieturer og favorittleker- men aldri ovnen i et barndomshjem.» Det er eit sitat frå boka «Hel ved», som toppa salslistene før jul 2011.

Det var fleire ovnar i min barndomsheim, men den som sit sterkast i minnet er vedkomfyren på kjøkkenet. Gjennom vinteren var det på kjøkkenet det vart fyrt til dagleg. Svartomnen var stor og hadde ilegg til høgre og steikeovn til venstre. Vi fekk elektrisk komfyr tidleg i min barndom, men før det vart brøda steikte i denne ovnen. Det kunne inntreffe at krafta var vekk, og maten måtte kokast på ovnen. Eg hugsar at det vinterstid kunne vere nokså mykje damp på kjøkkenet. Vedomnen var einaste varmekjelda i dette rommet. Det vart også tørka klede, og eg kan enno kjenne lukta av halvskitne sokkar og vottar som vart tørka ved ovnen. Mor hadde potteplanter som måtte flyttast frå stovene til kjøkkenet når det var streng kulde. Eg lika dårleg lukta, spesielt av geranium. I bestestova var det ein etasjeomn. I den vart det sjeldan fyrt opp i, men når det skjedde, vart det ei særleg god lukt i det rommet. Eg vart fødd i denne stova, søskena mine og, men berre eg kom til verda vinterstid. Det vart nok fyrt godt i stoveomnen januardagane i 1944.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php