Vert folk dummare?
No veit vi det. Unge menn er dummare enn før! Det viser seg at prestasjonane på intelligenstestane ved forsvaret sine sesjonar går ned. Kva kjem det av, lurer ein på. Kan det vere skulen som sviktar? Kan det vere at ungommen er meir einsidig enn før. Ein bryr seg mindre om å lære fakta, flyt på at ein skal kunne google seg fram til alle svar. Matematikk er ein viktig del i desse testane, men det er summen av alle intellektuelle ferdigheiter som tel. No gjeld dette menn. Kva så med kvinnene som ikkje vert testa? Vert dei også dummare? Då ser det verkeleg mørkt ut.
Sjølv har eg vorte utsett for forsvaret sin IQ-test. Eg vart også testa på opptaksprøve til lærarskulen. No kjenner eg ikkje til mine testresultat og godt er no det.Dei ligg forresten meir enn førti år attende i tida og då var nok gjennomsnittet høgare enn i dag.
Viss det er slik at folk vert dummare, må sjølvsagt undervisningsminister og minister for høgare utdanning setje seg i sving. Det bør setjast ned ei arbeidsgruppe for å finne ut kva som kan vere grunnen til at vitet minkar. Ein bør nok også knyte til seg medisinske ekspertar, biologar og hjerneforskarar. Det kan vere at det hastar med å få vite grunnane til svikten.
Eg trur at det må ha noko å gjere med kosthaldet. Kanskje bør ein få i seg meir karbohydrat? Kva treng hjerna for å bli god og skarp? Det skulle ikkje undre meg om nokon har svaret allereie.
Siste: Eg les at den nye herskaren i Nord-Korea ikkje kan engelsk sjølvom han har gått på skule i Sveits. Han har også stroke på alle eksamenar. Han har heller ikkje vist interesse for kvinner og alkohol.
