På kunstutstilling
- Du må ha god tid når du går på kunstutstilling. Eg går ikkje ofte på utstillingar, men det hender. For nokre dagar sidan hadde eg gleda av å rusle rundt og sjå på Kittelsen-bilete på Stenersen i Bergen.
Eg likar å tenkje på bileta i ettertid og reflektere over dei motiva eg hugsar best, og lage meg ei førestelling av kunstnaren, i dette tilfellellet Theodor Kittelsen.
Det er rart, men det første biletet som kjem fram, er eitt eg har sett mange gonger: » Trollet som sitter og grunner på på hvor gammelt det er». Det er ikkje tvil om at Kittelsen var ein humorist. Humoren hans er til tider grotesk og «dyrisk». Typisk for satirikaren Kittelsen så utstyrer han dyra med klede og menneskelege «eigenskapar». Eg likar spesielt godt karikaturane til Kittelsen. Kunstnaren stilte spørsmålet: «Har dyrene sjel?» Var han ein forløpar til Disney? Kittelsen var truleg fascinert av dei figurane han skapte og han hadde nok ein baktanke med alle motiva han skapte.
Naturbileta stogga eg lengst ved. «Andersnatten» var eit motiv han laga fleire variantar av. Her syner han seg som naturmystikaren. Mange tenkjer nok på Kittelsen sine illustratør av «Hundemordet» av Wessel, og illustrasjonane til folkeeventyr samla av Asbjørnsen og Moe.
Ein kunstnar opplever gjerne store spenningar i sjelslivet sitt. Truleg hadde kunstnaren både materielle og meir sjelelege vanskar. Det er ein forfattar som har sagt at det er disharmoniane i ein som gjer ein til diktar.
