Follabloggen

Velkommen til min blogg

Rydding etter Dagmar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 28. januar , 2012

Det vert mange dagar med rydding etter dama som herja buplassen i jula. I går vart eg ferdig med å tømme vedskjulet som vart taklaust 1. juledag. No er all veden berga før han vert mat for elden. I dag har vi arbeidd med å lage ved av vindfalla, og  rydda  vekk greiner Eg kjende at det var tungt arbeid. Det gjer det også meir tungvint når ein ved rundt i vernebukse og baskar med motorsag.

Medan eg arbeider, tenkjer eg på korleis eg skal få lagt nytt tak på vedahuset. Dagmar reiv ned nokre gode grantre som kan bli sperrer og anna byggjetilfang, men korleis skal eg få stokkane på sag? Det vert vel til at eg kjøper det som trengst på Bygg-mix for det er ikkje kjekt å ha eit taklaust hus i tunet. No er det ikkje så mange som fer framom her, men det er nok til at eg kjenner skamma. Dagmar har gjort sitt og eg må ta dei grepa som trengst for å kome tilbake til det normale.

No vonar eg på ein bortimot snølaus februar, gjerne med eit par minusgrader. Om 14 dagar får vi sjå att sola og eg merka allereie i dag at det har vorte lenger lyst om dagen. Motet veks med lyset.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php