Follabloggen

Velkommen til min blogg

Julekort

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 11. desember , 2011

Det er tid for julekort. Framleis er det nokon som sender julekort i posten sjølvom portoen pr kort nærmar seg 10 kr.  Då er det billegare å sende eit epostjulekort, men så er det ein hake ved det. Mottakaren har kanskje ikkje epostadresse, eller den er ukjend. Eg har funne ut at det også går an å ta ein telefon. Slike samtalar vert gjerne lange, men slett ikkje bortkasta. Er det ikkje tovegskommunikasjon det heiter.

Det finst doble og enkle kort viss ein nyttar kjøpte kort. Somme er så kreative at dei lagar korta sjølv. Når ein sender doble kort, må ein for skam skuld skrive meir enn» God Jul og Godt nytt år». Då vert det gjerne ei kort oppsummering av gamleåret.

Så er det motivet. Skal ein sende nissekort eller kort med bibelsk motiv. Det mest nøytrale er bilete av ei nedsnøa bygd eller ein eller fleire dompapar i ei busk. No er eg ikkje så redd for å sende korkje det eine eller andre motivet. Eg finn det som er tilgjengeleg i skuffen og rablar ned nokre velvalde ord og avsluttar med hjarteleg helsing.

Det er ikkje alltid ein får kort frå den ein sender til, men det hender altfor ofte at ein får kort frå nokon ein ikkje har sendt helsing til.

I fjor fekk vi få kort, men vi greidde å fylle tavla på kjøkenet. Eg har ein mistanke om at tradisjonelle julekort held på å gå av moten, eller så er det vi som ikkje lenger er så attraktive å sende kort til. Forresten er det vel heller slik at vi har vorte slappe med å halde kontakt med slekt og vener.

Eg har skrive på det første kortet. Det la eg i ein konvolutt saman med eitt bilete av barneborna, og dei som gifta seg i juni, Solgunn og Tue.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php