Laban
Laban er eit innhaldsrikt ord og omgrep. Første gongen eg støytte på Laban var i bibelsogetimane på folkeskulen. Laban var bror til Rebekka, kona til Isak. Han vart så svigerfar til Jakob, son til Isak, fordi han var far til Lea og Rakel. Laban vart eit skjellsord fordi Laban ikkje var heilt påliteleg og ordhalden. Han var ein luring og kanskje ein slags kjeltring. Ja, det er no eit inntrykk vi har fått. Jakob måtte som kjent tene først 7 år for å få Rakel, men så fekk han Lea i staden. Men sidan det var Rakel han ville ha, måtte han tene 7 år til. Etter alle desse åra miste Jakob trua på svigerfaren sin og rømde med heile den store familien han etterkvart hadde fått, saman med alt godset. Vert nokon kalla for Laban no for tida er det vel mest spøkefullt vil eg tru.
På Google er det nærare 15 mill treff på Laban. Dei fleste treffa har ingenting med Laban i Bibelen i gjere. Det er seigmenn ungane no for tida tenkjer på med Laban, eller Laban, det vesle snille spøkelset.
Trur eg har tenkt nok på Laban. Får gjere litt gagns arbeid i dag også….
