Personar eg aldri møtte 1
Det kan bli mange bloggar om emnet. Eg veit ikkje sjølv kor mange, men eg har ofte tenkt på ein mann eg gjerne skulle ha møtt. Faren til kona mi kom vekk i Vesterisen i 1952. Kona hans sat då att med 5 born å forsørgje, alle under elleve år.
Kona mi, som var 6 år då selfangstskuta «Buskøy» forliste i ein arktisk orkan, hugsar lite av faren sin. Sidan han var sjømann, var han mykje borte frå heimen. Viss eg intervjua dei to eldste av borna, ville eg kanhende få vite meir om mannen. Eg veit at han var maskinist. Han hadde nok dei same givnadene som dei fem brørne, flinke med alt som hadde med motorar og mekaniske ting å gjere.
No er det ikkje viktigast å få vite så mykje om mannen, men setje ord på kjensla eg har hatt sidan eg første gongen høyrde om Elling og lagnaden hans. For min del har det løyst ut spekulasjonar og førestillingar. Aprildagane i 1952 fekk mykje å seie for enkja og borna, ikkje minst for retninga vidare for dei som levde.
Ho som sat att med barneflokken, måtte vere sterk. Dei hadde bygt eit godt og tenleg hus, og telefonstasjonen i bygda heldt til der, og her hadde Signy, mi svigermor, si inntekt.
Det er ikkje tilfeldig at desse tankane kom til meg i dag. Vi har vore i gravferda til den nest siste av syskjena til han som kom vekk. Han vart 94 år, og hadde sjølv vore på selfangst i Vestisen same året som Elling. Det vart også siste fangstturen hans, men han kom heim i live. Elling og alle dei andre som drukna, vart aldri funne.
