Ei tid var…
Det er framleis folk som må ha heimetørka juleribbe. Dei saltar etter alle kunstens reglar og hengjer godsakene opp på eigna plass der det er høveleg med trekk, og jammen vert det også nytta elektrisk vifte for å sikre god tørk. No er det fleire år sidan eg slutta med dette, av fleire grunnar, klimatiske og det vi kan kalle makelegheit. Dei siste dagane har det forresten vore glimrande tilhøve for tørking av pinnekjøt her på buplassen. No skal visst sureveret vere på veg att så det er berre bra at eg ikkje rende meg til Jakobsen og fekk tak i nyslakta lam. Nei, ei tid var.
Kvaliteten på det pinnekjøtet du får på Coopen er så bra at det i grunnen berre er eit spørsmål om å lage til pinnekjøtet når den store dagen kjem, og gjere det på skikkeleg vis. Her i huset har det vore min jobb.
I gamle dagar, eller skal vi heller seie i førre århundre, hadde vi ei stor kasse på veggen med netting på sidene og under. Mine godt vaksne born hugsar sikkert denne kassa. Av og til fekk eg spørsmål frå folk som stakk innom kva kassa vart brukt til. Då fekk dei sjølvsagt ei lita miniførelesing om bruken. Det var ikkje kaniner eller andre dyr/fuglar i kassa, men pinnekjøt og kanskje eit fenalår. Ein gong hadde vi hengt opp ei skinke. Det vart ikkje vellukka. Det meste av året så hang denne kassa på veggen, synleg for alle, og vanlegvis tom.
Ei tid var…
