Follabloggen

Velkommen til min blogg

Petri Heil!

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - lørdag 15. oktober , 2011

I gutedagane var det berre fiske med trode og makk til agn, som gjaldt. Det er rart å tenkje på at det var slik, for det var godt under ei mil til næraste fjord. Det var krede vi fiska, eller aure om du ikkje veit kva ei krede er for noko. Først i  vaksen alder fekk eg prøve fiskelukka på sjøen. No vart det meir spenning i kva som beit på kroken!

Eg har høyrt at det vert sagt «Skitt fiske !» som eit godt ynskje til dei som skal i veg og fiske. Tyskerane seier «Petri Heil», og den som får servert dette ynskjet, skal svare «Petri Dank!» Eg brukte alltid å spytte på makken før eg sleppte taumen ut i vatnet. Vi hadde tru på at det verka. Det vart elles sagt at det ikkje var noko  teikn på storfangst om ein fekk fisk på første kastet. Det vart kalla nasefiske. Merkeleg!

I går fekk eg vere med på å setje line i sjøen. Ei førstegongsoppleving som eg slett ikkje skammar meg over. No skal eg ikkje seie eksakt kvar lina vart sett, men det er ikkje så farleg for fangsten var heller snau. To små brosmer, ei lita lange og ei skate!

Fisketuren vart likevel redda fordi vi fiska i fjorden medan vi venta på å drage lina. Sjølv fekk eg to storseiar og fire makrellar. Makrellane vart middagsmat då eg kom heim tidleg på kvelden. I år kom det ikkje makrell på bordet før Vinterdag! Skal seie det smaka. Tyskerane et ikkje makrell. Dei brukar han til agn for å få gjævare fisk. På lina vart det brukt sild til agn, men det kunne like gjerne ha vore makrell.

Eg et gjerne agn berre det er av god kvalitet.

2 Comments »

  1. Idunn Said,

    oktober 16, 2011 @ 15:08

    Kjekt med ei fiskehistorie!

  2. Harald Petter Said,

    oktober 16, 2011 @ 21:55

    Det var ein kjekke dag:-)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php