Gramming
Folk grammar seg for mangt og gramming er sjølvsagt negativt. I dag skriv eg litt om sjukeprat. Det er mange som er sjuke, ja kanskje dei aller fleste har ei eller anna liding. Det var ein dag eg tenkte at eg kunne skrive opp alle lidingane mine, reelle og tenkte, skrive dei ned i alfabetisk rekkjefølgje. Men så slo det meg: Kvifor skal eg gjere det? Det er ikkje noko å skryte av, det er rett og slett ein skammeleg tanke! Brått kom eg på fleire personar som stendig ausar ut om sine lidingar. Kvifor gjer dei det, tenkjer eg, er det for å få trøyst, eller er det berre ein vane. Korleis verkar det på meg når eg høyrer gramminga om vondt her og vondt der? Eg prøver å vise empati, sjølvsagt, men kor lenge greier ein å vise medynk med personar som har så rikeleg med medynk for seg sjølv?
Kva meinar eg i grunnen? Skal ein ikkje få lov til å seie at i dag er eg litt tung i hovudet og har fått eit anfall med hemorroider? Sjølvsagt, men det er når ein utviklar sjukegrammevanen at det vert skadeleg, for ein sjølv og dei rundt seg. Eg har døme på folk som grammar seg lite, endå eg veit at dei har alvorlege lidingar. Slike har eg respekt for.
Det er no dei som kan skjemte om lidingane sine. Eg har friskt i minne ei sjukeskildring av ordkunstnaren Arthur Klæbo. Han skreiv om korleis han opplevde det då han fekk helveteseld.» Nåresljå», heitte det i gamle dagar. Det kan hende at gamle Klæbo var sytete og gramma seg når han vart sjuk, men jammen kunne han skildre ein sjukdomstilstand slik at ein berre måtte gje seg over.
