Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kvisl

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 31. oktober , 2011

Kvisla er eitt av min barndoms stadnamn. Ei kvisl er ein stad der ei elv deler seg eller der to møtest. Slik eg hugsar Kvisla, rann vatnet roleg, vart mest som ei bakevje også. Eg søkte litt på nettet og det var svært mange islandske treff. Kvisl finn vi også brukt i Ynglingesoga i Heimskringla for ei ei elv som vart kalla Vanakvisl,  området der vanene budde. Kvisl tyder eigenleg grein nærslekta med ordet kvist.

Sunnmørsmålet har eit utval av lydar som i stor grad held på å gå ut av bruk. Desse lydane gjer ikkje at tilsvarande ord i andre dialekter har anna tyding, men det vert meir det vi på fagspråket kallar allofonar, variantar av fonema (minste meiningsberande språklyd).

I samband med kvisl er det ein uttale av sl-lyden som er vanskeleg å transkribere. Det er ein slags vislelyd der ein under uttalen lagar lyden bak  ved tunga. Vislelyd lagar ein vanlegvis ved tungespissen. Det er kanskje ikkje presist å kalle den spesielle lyden for vislelyd det er meir som varsame «eksplosjonar». Ein liknande lyd laga dei her i fjorden når dei uttala ordet hasl (hassel) og fatle (fasle).

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php