Den gongen vi røykte einebork
Det var på -50 talet, altså før eg var konfirmert. Eg hugsar at det var nokså vanleg at vi jamaldringane i grenda hadde røyking av einebork som nytingsmiddel. Forresten det er vel litt sterkt å kalle det nytingsmiddel om vi samanliknar det med meir giftige stimuli. Vi fekk ingen rus av røyken, istaden vart det avsvidne augehår. Smaken av desse «sigarane» kjenner eg enno. Røyken vi saug i oss var varm, og av og til kunne det loge kraftig av desse sokalla bastusane. Det kunne til sine tider verte mykje harking, hosting og rennande auge
«Tobakken» vart skrella av einelegger. Så gnika og gnukka ein på borken til han var lausare og luftigare, meir ullaktig. Ein av grannegutane var særleg glup til å lage brukeleg einebork. Eg kan levande hugse ein stor dunge han hadde laga og lagra i eit gammalt reveskur. Det var også vanleg at vi brukte gråpapir som vi pakka bastusane inn i. Røykane måtte vere store, større enn havannasigarar. Å røyke einebork heilt inn till sneipstorleik var ikkje tenkjeleg av forståelege grunnar.
For ein del av oss vart denne » uskuldige» guteleiken som eit forkurs til tobakken og alt som følgjer med den.

Idunn Said,
november 14, 2011 @ 23:07
Eg er rett og slett imponert!