Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Borte

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 15. januar , 2013

«Såg ikkje spjøra ta nå». I dag måtte eg lure litt på kva ei «spjør» er. Kan det vere ei fjør, altså noko frå fugl. Kom på uttrykket då eg køyrde forbi huset til grannen idag. Han har vore borte i fleire veker. Såg ikkje spjøra av han. Eg veit at han truleg ikkje er […]

Nytt år

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser torsdag 10. januar , 2013

Det er bra å vere i gang att med eit nytt år. No drog eg med meg ei forkjøling frå det gamle året. Eller kanskje det var » infulensa», som ein skreiv det.Då eg var heilt ung, grønskolling å kalle, kom eg med ein veslevaksen sukk til mor mi: «Eg grur meg til det nye […]

Jul i heimen

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser lørdag 29. desember , 2012

Det er framleis jul. Eg kan dokumentere det. I år fann eg det perfekte juletreet. Såg det straks det var kome på foten. Det vart også slege fast av ein svigerson som har særleg sans for symmetri og estetikk. Er grana stygg slik ho var  i fjor, er det ikkje vits å gje det vatn. […]

12.12.12

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 12. desember , 2012

Eg likar talet 12. Det er fødselsdatoen min, men den er ikkje i slutten av året. Rart med 12. Det er så mange månader i året, og det var 12 apostlar. Så denne dagen med ei talsamansetjing som ikkje dukkar opp før om så mange år at knapt noko nolevande menneske vil oppleve det igjen. […]

Stille

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser tirsdag 11. desember , 2012

Det vart så stilt. Ute er det stilt, ikkje ein pust i dei smått snøkledde sprikande greinene utanfor veggene. Det er» ingenting så stille som sne», heiter det i eit dikt. Lat det vere slik og gjerne resten av året. Kaldt har det vore. No er det leveleg å kome ut for ei dør igjen […]

Korleis selje ei bok II

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 30. november , 2012

Dersom du har eit namn, treng du i utgangspunktet ikkje plage deg med tankar om at boka du skal gje ut, vil selje. Gjev Knausgaard ut ei mursteinsbok igjen, vil garantert mange stille seg i kø for å kjøpe boka, og gjerne få forfattaren til å signere. Det stiller seg annleis viss du er ny […]

Korleis selje ei bok I

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 28. november , 2012

I dag er eg tilbake i barndomen igjen. Det har dukka opp ein figur i minnet mitt. Det er ein person som sikkert mange rundt i bygdene her, framleis hugsar. Han kom til gards berande på to koffertar. Dei var (truleg) fulle av bøker. Eg meiner at bøker frå Lunde forlag var sentrale i litteraturen […]

Avlesjle

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 23. november , 2012

Ein gong i sin høge alder snakka mor om noko som ho kalla ei avlesjle. Ho var ikkje overraska over at eg ikkje visste kva ordet tydde, så eg fekk ei forklaring. Ei avlesjle er noko du skulle ha gjort, men som du heile tida set ut i tid Eg har lært eit framandord som […]

Trøyste og bere

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 15. november , 2012

Vi heldt på å mure eit kvart. Kva det var hugsar eg ikkje. Far var flink med stein. Han kunne setje stengrøfter og han visste korleis ein skulle bygge ein mur slik at han ikkje ramla. Det var i samband med eit murarbeid han sa: «Dette er ein trøstar». Eg skjøna kva han meinte den […]

Vinterhonning

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser lørdag 10. november , 2012

Det glapp ut av meg der eg stod framfor kassa med honning: «Har de vinterhonning?» «Her er lynghonning,» var svaret. Det var eit idiotisk spørsmål, men han som selde honning på julemessa, let seg ikkje merke med det. Av og til er eg i ettertid glad for å vere ein ukjend, ein som berre stikk […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php