Trøyste og bere
Vi heldt på å mure eit kvart. Kva det var hugsar eg ikkje. Far var flink med stein. Han kunne setje stengrøfter og han visste korleis ein skulle bygge ein mur slik at han ikkje ramla. Det var i samband med eit murarbeid han sa: «Dette er ein trøstar». Eg skjøna kva han meinte den gongen, men eg skjønar det endå betre i dag. Ein trøystar kan du vere trygg på. Trøystaren bind saman og er med på å gjere byggverket sikkert. Ein tenkjer gjerne at ein trøystar er ein god ven i ein vanskeleg situasjon, ein som er der for deg.
Uttrykket brukt i daglegtale er ikkje særleg meir enn eit utbrot: Trøyste og bere! Viss det er noko vi høyrer, og som kan vere trugande eller kanskje litt sensasjonsprega, så brukar vi det. Bere treng ikkje tyde å bere noko, det kan også vere å bere seg(for noko), eller gramme seg. Eg veit at «Trøste og bere» er namnet på ei musikkgruppe og at det også har kome ut ei bok med same tittelen.
Språket er til å undre seg over.
