Korleis selje ei bok I
I dag er eg tilbake i barndomen igjen. Det har dukka opp ein figur i minnet mitt. Det er ein person som sikkert mange rundt i bygdene her, framleis hugsar.
Han kom til gards berande på to koffertar. Dei var (truleg) fulle av bøker. Eg meiner at bøker frå Lunde forlag var sentrale i litteraturen han baud på. No kan eg ikkje hugse at det vart kjøpt bok av han i min heim. Derimot har eg eit bilete på netthinna av ein mann med markerte andletsdrag og litt kvasse auge. Han hadde ein habitt som var uvanleg i grenda, sixpence og skinnjakke.
Eg har av og til tenkt på at folk snakka om denne mannen og sett eit stempel på ryktet hans. I dag er mykje meir ope i dagen enn det var før, ikkje minst når det vert snakk om legning.Små gryter har som kjent også øyre, og det var vel det som førte til at eg og ein av brørne mine spente opp ei snor over vegen, ein snubletråd, Då kolportøren dukka opp, gjekk han galant utanom hindringa.
I dag går ingen rundt med blytunge koffertar for å selje bøker.
Sidan eg ikkje har svara på spørsmålet i overskrifta, vert det meir om saka i neste innlegg.
Fylg med!
