Nytt år
Det er bra å vere i gang att med eit nytt år. No drog eg med meg ei forkjøling frå det gamle året. Eller kanskje det var » infulensa», som ein skreiv det.Då eg var heilt ung, grønskolling å kalle, kom eg med ein veslevaksen sukk til mor mi: «Eg grur meg til det nye året». Då vart ho smått forskrekka. Har gløymt kva tungsindige tankar eg bar på. No ser eg at det kan vere eitt og anna å gru seg til, men sanneleg er det noko å sjå fram til og i det nye året. Best har eg det når eg slepp å tenkje på alt det som skal endrast på. Kva las eg ikkje i dag? Framlegg om at ein må til lensmannen for å bli gift. No ja, i dag er det visst dei færraste som bryr seg med å gå til nokon for å bli gift. Kyrkja er ikkje bra nok lenger. Ho kan velsigne, men ikkje seie at ein er rette ektefolk. Av og til må eg stemme i med Obstfelder: «Her er saa underligt. Jeg er visst kommet på en feil Klode». Får vone at dei gamle «reglane» i alle fall gjeld til jonsok.

Idunn Said,
januar 10, 2013 @ 20:02
Prøvde å skrive ein kommentar ein dag, men den kom ikkje fram. Skal tru om denne kjem fram?
egil Said,
januar 10, 2013 @ 21:08
Godt nytt år! :)
Håvard Said,
januar 10, 2013 @ 23:27
Gode poeng:) Velkommen til kyrkjebryllaup 22.juni!