Jul i heimen
Det er framleis jul. Eg kan dokumentere det. I år fann eg det perfekte juletreet. Såg det straks det var kome på foten. Det vart også slege fast av ein svigerson som har særleg sans for symmetri og estetikk. Er grana stygg slik ho var i fjor, er det ikkje vits å gje det vatn. I år derimot, er eg påpasseleg med å brynne den. Kanskje treet kjem til å vare like lenge som krumkakene? Treet står der, men er det berre det som gjer at det er jul 28. desember? Begge klaffane er på plass i bordet, og tre generasjonar tek plass når det er måltid. «Har de huset fullt?» spør folk. Det er mykje godt i jula. Matpause har ein eigen definisjon denne tida. Det er tida mellom kvart inntak av mat.

Idunn Said,
januar 7, 2013 @ 21:05
Takknemlege julegjestar tenker tilbake på ei lun og fin julefeiring med kjekke folk og gode matpausar mellom utsøkte måltid :-)