Borte
«Såg ikkje spjøra ta nå». I dag måtte eg lure litt på kva ei «spjør» er. Kan det vere ei fjør, altså noko frå fugl. Kom på uttrykket då eg køyrde forbi huset til grannen idag. Han har vore borte i fleire veker. Såg ikkje spjøra av han. Eg veit at han truleg ikkje er på ei Kanariøy slik fleire er i desse dagar. Men så er det uttrykket. Såg etter kva han Åse-Ivar fann ut. «Spjør, f(hokjønn) stykke Klud, især af gammelt tøi… I Romsdalen skal Spjør betyde Fiskenes Finner.» Å vere borte kan tyde så mangt. Det treng ikkje vere så alvorleg, men kan vere det.
M
