Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

I revnerne kun….

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 25. mars , 2013

  ”Der ligger et land mod den evige sne, i revnerne kun er der vårliv at se. Men havet går til med historie-døn, og elsket er landet som mor af sønn.” Eg brukar å vakne fleire gonger kvar natt. Sist natt rann  strofa ”i revnerne kun er der vårliv at se”, meg i hugen. Det […]

Buona sera

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser mandag 18. mars , 2013

”God kveld”, sa den nye paven. Det tykkjer eg var hyggeleg sagt av ein som nett har vorte pave. Nokre få dagar etter sa han også ”God lunsj”! til dei frammøtte på Petersplassen. Det var nesten endå betre.  Venteleg hadde alle noko å ete. Kanskje litt pasta og ein skvett italiensk vin. Det som har […]

Basar

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser mandag 11. mars , 2013

Basar   Basar er eit ord som gjev lovnad om vinst. Ordet er visstnok persisk og det kan ein forstå sidan basarane i dei muslimske landa er marknader der det finst uhorveleg mykje å velje i, men gratis er det ikkje, men kanskje nesten viss du er god til å prute. Basar er eit ord […]

Då eg «knekte» lesekoda

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 2. mars , 2013

Eg lærte ikkje å lese ved å stave meg gjennom ei ABC-bok. No er eg ikkje noko unikum i så måte. Anten du trur det eller ei, var det lokalavisa som var min første lesnad. Der fekk eg kunnskap om små og store bokstavar. Fekk nok litt hjelp frå mor som sikkert tykte det kunne […]

Berre ein katt?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 28. februar , 2013

Det er ei veke sidan vi kom att frå ein tur til hovudstaden. Den trufaste huskatten styrer grunnen åleine når vi er borte. Han har rikeleg tilgang på mat, og husly i garasjen. Hokatten, Marianne, av skogkatt-type, brukar å dukke opp når vi kjem heim. Han er sporlaust borte, og eg er litt lei meg. […]

Sunliktsåpe

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 23. februar , 2013

Sunliktsåpe   No er eg heime etter eit relativt kort opphald i hovudstaden. Livet i byen er framleis annleis enn på bygda, og det synest eg er bra. Ein dag fekk eg eit enkelt oppdrag: Eg skulle gå på butikken og handle. Kona mi trong det vi kallar sunliktsåpe. Når ho er på besøk med […]

Ingel

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 3. februar , 2013

Mor hadde tre syskjen, og det vart etter kvart 16 syskjenborn. Det var litt rart at mor vart kalla Ingel eller Ingel- tante. Tvillingen til mor hadde også eit anna namn enn døypenamnet. Det var tante Jonna av Johanne. Ho heitte sjølvsagt også Jonna-tante. Eg forstod at dei hadde ein litt annleis namneskikk i Hjørundfjorden […]

Ingeborg Ragna (1909-2008), tidleg barndom

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 30. januar , 2013

Eg held fram med folket på Saure. Mor mi var barnebarn til Jørgen Berntson. Dei første åra var ho mykje inne hos besteforeldra. Grunnen var kan hende at foreldra trong avlasting, og her fekk ho nok ekstra omsorg. Ho var tvilling og søstera, Johanne, var truleg meir robust. Det var det andre tvillingparet i huslyden. […]

Jørgen Fredrik Berntsson Viddal

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 20. januar , 2013

| |Jørgen Fredrik Berntsson Viddal fødd. 3.03.1847, død 1.06.1938. Han vart gift med Brit Thorbjørnsdotter Saure. Brit var jordajente i Andersgarden på Saure. Dei dreiv først garden på Viddal, men flytte så til Saure og tok over Andersgarden. Jørgen dreiv med trondheimshandel og hadde jekt saman med nokre andre. Det er lite stoff å finne […]

Borte vekk

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 16. januar , 2013

Nei, eg har ikkje mist noko. Fann ikkje att brillene som vart borte, og dei kom ikkje att sjølvom eg kjøpte nye. Eg tenkjer på småfuglane. Kvar har dei vorte  av? Ligg dei stivfrosne rundt om, eller har dei trekt til ein kant av landet der det er mindre kaldt? Ikkje ein fugl å sjå […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php