Ingel
Mor hadde tre syskjen, og det vart etter kvart 16 syskjenborn. Det var litt rart at mor vart kalla Ingel eller Ingel- tante. Tvillingen til mor hadde også eit anna namn enn døypenamnet. Det var tante Jonna av Johanne. Ho heitte sjølvsagt også Jonna-tante. Eg forstod at dei hadde ein litt annleis namneskikk i Hjørundfjorden enn på Kalvatn. Mor sa også gommer og gofar. Det var sjølvsagt det same som bestemor og bestefar. Det var nok meir vanleg før at «utnamn» gjevne i barndomen fylgde personen resten av livet. Somme namn kan vere vanskeleg å uttale, og slik kan «nye» namn verte laga. Somme namn er det nesten umogleg å skriv rett. Eit godt døme er Bollen, eit søskenbarn som heiter Bernt. Det skal ikkje uttalast som bolle/bollen. Her er det meir den europeiske u-en og ikkje å-en i bolle. Besteforeldra i Andersgarden var oppattkalla slik at det vart tre som fekk namnet Bernt. Dette avsnittet skulle ikkje handle om søskenbarn eller onklar og tanter, men om mora mi som heitte både Ingel og Ingeborg. Far sa forresten Ingebår.
